• Forside
  • Aktuelt
  • Avgangselevane ved skulen, godt over 300 sjeler, var tirsdag 2. februar på kortreist ekskursjon til Domkyrkja og den Katolske kyrkja i Stavanger.

ROMANSKE BOGAR, NATTVERDBRØD OG VELSIGNA MOBILAR

Skjermbilde 2017-02-02 kl. 19.57.20

Elevane fekk oppleva kunnskapsrike og engasjerte foredragshaldarar begge stader. I Domkyrkja trakk historikar Torstein Jørgensen linjene frå dei første byggeåra på 1120-talet, via kyrkjebrannen i 1272 til den best bevarte middelalderkyrkja som finst i Noreg i dag, og som i tillegg er eit klassisk eksempel på eit byggverk med romanske bogar i den eine, opprinnelege enden, og med nyare gotiske linjer i den andre. Undervegs fekk elevane òg vita noko om etableringa av Stavanger by, om bygging i kleberstein og om korleis ein etter reformasjonen formidla sentrale element i teologien med kyrkjekunst. Me fekk òg høyra om bygningsdetaljar i koret, om kongar og om sjølvaste Samson, som med dei imponerande kreftene sine held oppe den fantastisk dekorerte preikestolen frå 1658.

Skjermbilde 2017-02-02 kl. 20.07.15

I den katolske kyrkja handla det mest om vår eiga samtid, og den rolla katolisismen har i verda i dag. I sentrum av foredraget stod læra om den katolske nattverdforståinga, som ifølge sokneprest Sigurd Markussen er det som, saman med rolla til kyrkja og prestane, utgjer den mest markante forskjellen mellom dei to kyrkjeretningane. Me fekk òg høyra om sjølve kyrkjebygget, som først blei reist i 1898 og som seinare, etter fleire ombyggingar, i 2012 framstod slik det er i dag, med plass til rundt 700 lekfolk. Han var i tillegg innom både våpenhus, teologistudiet og skriftemålet. Markussen heldt i det heile eit poengtert foredrag, med vekt på korleis kyrkja han tilhøyrer har ein utfordrande og radikal bodskap som på mange vis bryt med det sekulariserte verdsbiletet mange har i dag. Og korleis hadde elevane det? Dei var tilsynelatande både interesserte og motiverte. Alle hadde eit oppdrag der dei ved hjelp av fotografi med tilhøyrande tekst i ettertid skal dokumentera forskjellen mellom dei to kyrkjene. Endeleg fekk dei brukt den kjære mobilen sin med lærarane si velsigning!

Skjermbilde 2017-02-02 kl. 20.08.52
Del denne artikkelen på: